© Merleyn Galleri og Yogaskole, Folkestadgata 14, 3870 Fyresdal. Tlf 91641202

- Eg er teknisk sett ikkje ein flink målar, men eg gjer det frå hjertet og mitt arbeid har ført til mange djupe samtaler

Galleriet er ein samlingsplass for lokal kunst og håndverk 

 

Galleri Merleyn åpna døra sommaren 2012 i eit gammalt bedehus litt utanfor sentrum i Fyresdal, Vest-Telemark. I samarbeid med Vrådal og Fyresdal målarklubb blei det sommarutstilling samme år. Første utstilling var ein stor suksess og sidan har det vore sommarutstilling kvart år.

Galleriet har organisert fleire kurs i måling og teikning. Salen blei også brukt som yogaskule og det var derfor ikkje muleg å ha plass til utstilling heile året. I desember 2016 vart det ledig eit lokale midt i sentrum av Fyresdal, og galleriet flyttet dit.

Frå vinterferien 2017 finn du Galleri Merleyn i Folkestadgata, og lokalet her er innretta slik at det lett kan bytte mellom galleri på dagstid og yoga på ettermiddagen. 

 

På galleriet har Judith også sitt atelier der ho jobbar stort sett kvar dag frå 10-16:00. Likevel kan det være at du finn døra stengt. Då jobbar ho ute, enten med yogaundervisning eller for å måle. Derfor kan det utanom turistsesongen være lurt å ringe på forhånd, men ser du skiltet står ute er galleriet åpent.

 

Velkommen inn!